Velkomen til Skogli Gard
Gårdsovernatting og hjortejakt i Ofredalen, ved Årdal i Vestland
Velkomen til gards
Det er vi, Kristin, Katja og Frank som driv Skogli Gard. Vi har eit stort hjarte for denne plassen og brenn for å ta vare på garden og kulturlandskapet her i Ofredalen.
For oss handlar det om å skape gode og minnerike opplevingar for gjestene våre. Anten du kjem for å jakte, gå minnerike turar, eller berre ønskjer eit avbrekk frå kvardagen, håpar vi at du kjenner deg heime.
Vi bur ikkje på garden, noko som gjer at du kan nyte roen og det fredelege miljøet heilt uforstyrra. Samtidig er vi alltid tilgjengelege på telefon, dersom du treng hjelp eller har spørsmål før eller under opphaldet.
Velkomen skal de vere!
Våre utleigeeiningar
Kårdelen
Overnatting på Skogli Gard i hjartet av Ofredalen.
Les meir
Merkestjern
Jakt og enkel overnatting i urørt natur i Ofredalen.
Les meirHjortejakt i Ofredalen
Vi tilbyr hjortejakt i urørt jaktterreng i Ofredalen i Sogn, Vestland. Her kan du kombinere jakt med overnatting på garden eller i hytta.
Priser for felling (inkl. mva)
| Bukk (> 2,5 år) | 16 000 kr |
| Kolle (> 2,5 år) | 10 000 kr |
| Ungdyr (< 2,5 år) | 8 000 kr |
| Kalv (< 1,5 år) | 5 000 kr |
Prisen for dyr blir betalt 100 % uavhengig av om dei felles eller ikkje.
Krav til jegerar
- Bestått skyteprøve på storvilt
- Gyldig jegeravgiftskort
- Våpenkort
- Registrering i "Sett og skutt" etter endt opphold
- Testing for skrantesjuke (CWD) for dyr eldre enn 1,5 år (utstyr i garasjen)
Fasilitetar
- Garasje med 2 taljer tilgjengeleg for slakting på garden.
- Avtale om ettersøkshund er på plass.
- Jaktavfall skal etterlatast i utmark, i god avstand frå garden (ev. etter avtale).
Nedlastbar informasjon til jegerar
Her kan du laste ned eit enkelt tekstdokument med praktisk informasjon til jegerar og lagre det på telefonen, slik at du har det tilgjengeleg utan internett.
Last ned dokument for jegerar (TXT)Ting å gjere i Ofredalen og Årdal
Skogli gard ligg i Ofredalen i Årdal kommune, Vestland. Her er tips til natur, kultur og aktivitetar under opphaldet.
Vettisfossen
Noregs høgaste uregulerte foss (275 m), i Utladalen landskapsvernområde. Tur til foten av fossen tek ca. 30 min frå Vetti gard; lengre tur til utsiktspunkt oppe. Opent ca. juni–oktober.
Køyrerute frå Skogli til Hjelle (Utladalen)
Utladalen og Folkevegen
Éi av Europas djupaste dalføre, gravd ut av elva Utla. Gå eller sykle Folkevegen til Vetti (5 km), besøk Utladalen Naturhus med sommerkafé og informasjon, eller Vetti gard turiststasjon (vaflar, overnatting).
Køyrerute frå Skogli til Utladalen
Tindevegen
Scenic fjellveg på 32 km mellom Årdal og Turtagrø, inn i Jotunheimen. Utsikt mot Hurrungane og Sognefjorden. Opne ca. mai–november. Ein fin dagstur med bil.
Køyrerute frå Skogli til Turtagrø (Tindevegen)
Sognefjorden
Padle kajakk på fjorden, nyt ei varm oppleving i pop up-sauna, eller bli med på historisk fjordcruise med M/B Tya. Årdalstangen ligg ideelt til for eit breitt utval fjordopplevingar.
Køyrerute frå Skogli til Årdalstangen
Indre Ofredal
Eit unikt kulturmiljø nedst ved Årdalsfjorden, kjend som «Ne fø sjøen». Her finn du gamle gardsbygningar, mølle, sagbruk og spor etter eit livleg handels- og industrimiljø frå 1800-talet.
Køyrerute frå Skogli til Indre Ofredal
Friluftsbad
Flott utandørs badeanlegg ved sentrum i Øvre Årdal. Perfekt for varme sommardagar, med basseng, plaskebasseng, grøntareal og kiosk. Klatrepark og treningsområde like ved. Ope i sommarsesongen.
Køyrerute frå Skogli til Øvre Årdal (Friluftsbad)Vi gir gjerne tips om turar og aktivitetar som passar til årstida.
Info og køyreruter
Mobil og WiFi
Det er dårleg mobildekning på garden, men det er WiFi. Ved Merkestjern-hytta er det verken mobildekning eller WiFi.
Nytt frå Skogli
Send førespurnad
Steg 1 av 4
Forespørnaden er mottatt.
Vi tek kontakt så snart som mogleg.
Kårdelen
overnatting i gardshuset
Overnatting på Skogli Gard
Kårdelen ligg i 1. etasje i hovudhuset på garden. Her bur du tett på historia med utsikt over Ofredalen.
Kårdelen har eit fult utstyrt kjøkken, ei romselg stove med vedomn og eige bad. Her kan du senke tempoet og slappe av.
- Handkle og sengetøy inkludert
- Fullt utstyrt kjøkken i kårdelen
- Eige bad
- Ved til omnen er inkludert
Merkestjern
Jakt og overnatting
Overnatting på Merkestjern
For deg som søker det enkle livet og ekte naturopplevingar. Hytta ligg idyllisk til ved Merkestjern og blir brukt som base for jakt, men er òg perfekt for deg som ønskjer å leve tett på naturen, langt frå støy og trafikk.
Jakt på Merkestjern
Hytta ligg midt i jaktterrenget (Gardsnummer 34, bruksnummer 3). Dette er eit godt utgangspunkt for hjortejakt. Jaktretten gjeld berre jakt på utmark.
Priser for felling (inkl. mva)
Prisen for dyr blir betalt 100 % uavhengig av om dei felles eller ikkje.
Jaktsesong: 15. august - 1. februar
Hytta er reservert for jegerar frå 15. august til slutten av jaktsesongen (ca. 1. februar).
Fasilitetar og tilkomst